Eg trur at eit menneske ikkje bare har eitt ansikt, det har mange, eit menneske er fullt av ansikt, og ofte får du høre at du er ein falsk person, du viser ikkje ditt sanne ansikt, men det trur eg er feil, eit menneske har ein drøss ansikt, og ein er heller ikkje den same gjennom heile livet, ustanselig forandrar eit ansikt seg og blir til noko nytt.