Antall sitater: 37 ← 1 2 3 4 → 13 til 24 av 37 treff. Klikk på sitatene for popularitet og mer info. Menneska er så laga at dei vil forstå. Først all verda, og sia seg sjøl. Når ein så har stanga hovude imot veggen og ikkje forstår det grand, da råkar ein på det inste i seg: at ein vil tru på det ingen kan grunde ut. Menneske må ha noko å vente seg, det lever ikkje utan. Kva er eit menneske utan framtida? Du blir aldri ferdig med ein god gjerning. Aldri. Det må gjerast om att og om att, live til endes. Eit godt menneske er betre enn alt anna godt. Lat oss tru på det gode i oss, lat oss syne det fram, godt folk! Vona er sterk, men sterkare er den som ikkje treng henne. Kristendommen, det er med den som det er med kulturen: han er så sjelden heime der dei snakkar mest om han. Kunnskapstreet er eit farleg tre, i det har mang ein arming hengt seg. Det er ikkje eg som er gjesten, det er live som er på gjesting hoss meg. Live er større enn å tenke; og større enn det vi kallar konsten. Det er rart med lykken - først når man kan unnvære den, så kommer den. ← 1 2 3 4 →